- For eit strålande anlegg, og for ein strålande dag! sa H. K. H. Dronning Sonja, då ho i følgje med Hotel Alexandra sin "grand old man", Eivind Grov, kom til fjordstasjonen for Loen Skylift i føremiddag.

Loen og Nordfjord hadde pynta seg i sitt finaste skrud, det var bunadskledde gjester og publikum, strålande sol frå blå himmel, grøne bjørker og blank fjord.

Hotelldirektør Richard Grov la ikkje skjul på at han var rørt over at så mange hadde møtt fram for å ta del i opninga av pendelbana, som går frå fjorden og opp til fjellet Hoven, 1.011 m.o.h.

Vilde  T. Nystøyl  og Ian L. Nash, 1. klassingar ved Loen skule, hadde fått oppgåva med å overrekkje blomster til dronninga. Indigo Child, draumestipendvinnarar og m.a. kjende frå dei var pauseinnslag for MGP junior, spelte "House on a Hill" og ein entusiastisk ordførar Sven Flo helsa og gratulerte med dagen, før dronninga fekk æra av å trykke på knappen som opna dørene inn til gondolbana.

Det var tydeleg at det var mange og sterke kjensler i sving, og då elevar frå Loen skule stemte i med "Vestlandet" var det mange som måtte opp i augekroken og tørke vekk ei tåre.

Deretter drog dronninga med følge til fjells for å avduke monumentet på Hoven, fortelje om sine fjellturar i området og få servert lunsj i den splitter nye restauranten med panoramautsikt til heile fjellheimen i Nordfjord.