- Tysdag var ein merkedag for oss som jobbar med Rogfast-prosjektet. Vi er klare til å lyse ut den første kontrakten så snart vi har fått avklart utfyllingstillatelsen og løysinga vår for å ivareta dei ytre miljøutfordringane. Så snart dette er på plass lyser vi ut den første kontrakten i Rogfast-prosjektet som er for transporttunnelen i Arsvågen, seier leiar for Rogfast-prosjektet i Statens vegvesen, Tor Geir Espedal.

Med sine 26,7 kilometer vil Rogfast bli verdas størsteundersjøiske vegtunnel. Prosjektet har ei kostnadsramme på 16,8milliardar kroner.

– Vi har ei målsetjing om å lyse ut dei nestefire store kontraktene i løpet av 2017 og 2018, seier Espedal.Planen er at dei første bilistane kan ta tunnelen i bruk i 2025/26.

Du kan sjå informasjonsfilm om prosjektet "Ferjefri E39" ved å følgje denne linken.