Utbygging av vegar, jernbane, tettstader og alt som høyrer med gjer at matjorda her i landet er under stadig større press. Korleis skal ein hindre at viktig jord blir øydsla vekk? Det er eit viktig tema for ein nasjonal konferanse om jordvern onsdag 7. juni.

Det er jordvernforeiningane i Norge, Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Norges Bondelag som står bak arrangementet.

– Å laga jord tek tusenvis av år. Teknologi og effektivisering er ikkje nok til å brødfø aukande folketal. Skal vi sikre produksjonsgrunnlag for framtida, må vi setje bremsane på sløsing med matjord no, seier jordkartleggjar Siri Svendgård-Stokke i NIBIO til eigne nettsider.

Stortinget har vedteke ein strategi om at det innan 2020 maksimalt skal vere lov å omdisponere 4.000 dekar matjord kvart år. For å nå dette målet er det eit godt stykke att. I 2015 blei det omdisponert meir enn 6.000 dekar her landet.

Etterlyser handling

Målet med konferansen er mellom anna å setje søkjelys på kva tiltak som skal til for å nå målsetjinga Stortinget har sett og kva verkemiddel ein kan nytte for å kontrollere at det ikkje blir omdisponert meir enn 4.000 dekar kvart år.

Sentrale personar både frå inn- og utland er inviterte for å kaste lys over desse spørsmåla. Mellom anna vil ein representant for det sveitsiske miljødirektoratet fortelje om arbeidet Sveits har gjort for å utvikle ein strategi for berekraftig bruk av jordressursane.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale vil på si side orientere om korleis situasjonen er her i landet. Også fleire andre sentrale politikarar blir med, fortel arrangørane.

I tillegg kjem store utbyggjarar som Bane Nor og Statens vegvesen for å fortelje om erfaringane sine. NIBIO vil dessutan leggje fram informasjon om kva som er status for omdisponering og nedbygging av dyrka jord.

Eiga samling på Vestlandet

Som ei oppfølging av konferansen 7. juni har Landbruks- og matdepartementet oppmoda fylkesmennene i Hordaland og Rogaland til å ha ei eiga samling om jordvern. Stad og dato er allereie klart. 2. oktober inviterer Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Rogaland til jordvernkonferanse i Haugesund.

Politikarar og tilsette i kommunane er viktige målgrupper for konferansen, men også andre interesserte er velkomne til å melda seg på.

I tillegg til Hordaland og Rogland, er også Trøndelagsfylka utfordra til å ha ei eiga samling om jordvern.

(©NPK)