I dagens avis viser Ove Fagerheim og ordførar Stig Olav Lødemel kor ille det står til på fv 60 gjennom Hornindal. Fagerheim tok eit knippe foto langs ein kilometer av den dårlege fylkesvegen for nokre dagar sidan, og la bileta ut på Facebook. Det førte til stor respons og mange kommentarar, stort sett i same kategori; fortviling.

Fortvila er også dei som har størst bruk for vegen; næringslivet. To av dei største brukarane av fv 60 er Ekornes og pizzafabrikken på Stranda. Sistnemnde let delar av trafikken sin gå via Romsdalen, rett og slett fordi fv 60 og Strynefjellsvegen er for trøblete.

Då Sunnmørsposten tok opp saka og intervjua ordføraren saman med Fagerheim, stilte avisa også spørsmål til fylkesdirektøren for samferdsle i Sogn og Fjordane. Dina Lefdal svarar at det er mange dårlege vegar i fylket. Ho kjenner ikkje til at fv 60 er verre no enn før.

Om det er mange vegar som er dårlegare enn fv 60 gjennom Hornindal, tvilar vi sterkt på. Lefdal har kanskje noko rett i at vegen ikkje er veldig mykje dårlegare no enn han har vore. For faktum er at vegstandarden har vore under ein kvar kritikk i alt for mange år. Difor stod vegen også lenge som nummer to på fylkeskommunen si prioriteringsliste. Heilt til fylkestinget for få år sidan fann det for godt å dumpe prosjektet langt ned på ei marginalliste, einsbetydande med at vegen ikkje vil kome i løyvingsposisjon på mange ti-år.

Det grepet fylkestinget gjorde den gong, er ei politisk ansvarsfråskriving som påfører trafikantar fare og kostnader i form av skade på køyretøy. Frykten er at det ein dag skjer ei ulukke som kostar meir enn materielle skader. Det går både skulebussar og turbussar langs vegen.

Lokalpolitikarar og næringsliv som kjempar for fv 60, har neppe noko å hente på å halde fram kampen overfor fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane. I staden bør løysinga no liggje i eit spleiselag der kommunane Hornindal, Volda, Stranda og Møre og Romsdal fylkeskommune går saman om å forskottere vegen. Med dagens rentenivå og forventing om låg rente dei næraste åra, er rentekostnaden ved slik forskottering godt innafor det akseptable. Første peikepinn om framdrift for fv 60 får vi i samferdsleutvalsmøtet i Møre og Romsdal 7. juni.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør