Statnett må ta omsyn til meir ekstremnedbør, fleire flaumar, skred og høgare temperaturar når selskapet byggjer straumnett for framtida, ifølgje ein ny rapport.

Det er Statnett sjølv som har fått utarbeidd rapporten. Snø, is og vind er vêrforholda som skaper størst problem for drifta av kraftnettet.

– Samtidig som klimaendringane går raskare enn først antatt, får vi stadig betre metodar for å berekne korleis vind, snø og is belastar kraftleidningane våre. Dette gir føringar for kvar mastene blir plasserte i terrenget, og for dei tekniske løysingane på master og liner, seier avdelingsleiar Anders Bostad i Statnetts kraftleidningsavdeling til det oppdragsfinansierte nyheitsbyrået Newswire.

Det er Meteorologisk Instituttet som har skrive rapporten i samarbeid med Statnett, Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Norges Geotekniske Institutt (NGI).

– Det blir varmare, meir nedbør, meir ekstremnedbør, havnivåstigning, større regnflaumar og kortare snøsesong, seier hydrolog Hege Hisdal i NVE.

(©NPK)