Senterpartiet får ein oppslutnad på 11,6 prosent på partibarometeret til NRK for juni.

Sp har ikkje blitt målt så høgt sidan Norstat starta med jamlege målingar for NRK i mars 2006.

– Vi tek det som ei tilbakemelding på at folk er opptekne av å ha tenester nær der dei bur, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum.

Men oppgangen til Senterpartiet har flata ut. I mai fekk partiet 11,2 prosent og i april 11,3 prosent.

Elles er endringane frå mai minimale. Berre to parti har ei endring på eitt prosentpoeng eller meir. Det er Arbeidarpartiet som går fram eitt prosentpoeng til 33 prosent, og Frp som aukar 1,2 prosentpoeng til 14 prosent.

Målinga viser at Ap og Sp har fleirtal anten med SV eller med Kristeleg Folkeparti. Dermed treng dei ikkje støtte frå MDG. Med Venstre under sperregrensa misser dei borgarlege fleirtalet til Ap, SV og Sp som til saman får 89 mandat.

Målinga er basert på 927 intervju mellom 30. mai og 5. juni Resultata er slik (endring frå april i parentes): Ap 33 (+1), Høgre 23,7 (-0,3), Frp 14 (+1,2), KrF 4,4 (-0,8), Sp 11,6 (+0,4), SV 4,3 (-0,1), Venstre 3,4 (+0,2), MDG 2,8 (+0,2) og Raudt 1,2 (-1).

Feilmarginen på målinga er på mellom 0,8 og 3,5 prosentpoeng.

(©NPK)