Den nittande utgåva av Grodås cup i Hornindal er godt i gang, og laurdag var det kampar frå tidleg morgon til sein ettermiddag.

Sjølv om regnet etter kvart meldte sin ankomst la det på ingen måte nokon dempar på spelarar og publikum.

Arrangøren har lagt eit godt grunnlag for cupen, godt hjelpt av ein idherdig dugnadsinnsats. Cupen held fram søndag, då også med sluttspel for dei eldste klassane. Då inviterer også Frode Grodås på ei miniutgåve av "Mesternes Mester".

Du kan lese meir om cupen som samlar 1.100 spelarar i tysdagsavisa.