Då National Geographic Orion låg ankra opp i Loenbukta tidlegare i veka var alle cruisegjestene for lengst på tur i nærområdet då Fjordingen slo av ein prat med nokre av dei som jobbar om bord på båten.

- Akkurat no er det roleg på båten, seier Eric Tenorio frå Filippinane, medan han lagar til kaffi til kapteinen som har nokre gjester på besøk.

Så roleg er det ikkje alltid når cruisegjestene er på båten.

- Det er mykje arbeid ja, og då går det i eitt med mange gjeremål. Men vi har nokre timar fri kvar dag, og då har vi mulegheita til å gå i land og vi kan sjå oss litt rundt.

Tenorio let ikkje sjansen gå frå seg, og tok med seg to kollegaer inn til land tysdag med eitt mål for auga: å ta turen opp på Hoven med skyliften. At det tidvis var tett skodde på toppen såg ikkje ut til å leggje nokon dempar på opplevinga.

- Dette var fantastisk å få oppleve, seier Tenorio før han og dei andre tek pendelbana nedatt og finn sin plass om bord på luksusskipet.

Eric Tenorio (i midten) og kollegaene hans brydde seg ikkje så mykje om at skodda kom drivande innimellom. Foto: Thomas Thaule