- Impregnert trevirke kan gje frå seg giftige gassar når det brenn. Brenn difor ikkje dei grågrøne plankane på jonsokbålet, seier Toril Marie Mulen frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Avfall som ikkje høyrer heime på bålet:

•Impregnert trevirke som kan innehalde kopar og verstingstoffa krom, arsen og tjærestoffet kreosot. Oske og røyk er giftig og kan innehalde arsenikk

•Madrasser, møblar, tekstil og skumplast kan innehalde polyuretan som gir helseskadelege gassar, blåsyre og kolos

•Plast som blir brent kan skape dioksinar som mellom anna er kreftframkallande. Plast kan også innehalde ei rekkje andre skadelege stoff

På eit jonsokbål skal det difor berre vere reint trevirke. Reint trevirke må vere fritt for lim, lakk og maling.

- Bruk bålvett, lever avfall til miljøstasjonen i kommunen din, seier Mulen.