I kveld er det første kvalifisering i Sommar Grand Prix 2017 for skihopparane.

- Vi kom ned på tysdag, så vi fekk hoppa litt i går, seier Anders Fannemel til Fjordingen.

- Og no er du klar for kvalik?

- Eg er klar for kvalik i kveld viss vinden roar seg litt. Det blir godt å kome igang igjen, sjølv om hoppinga ikkje har vore heilt 100% endå!

Honndølen har startnummer 57 i kvalifiseringa. Dei andre norske i kveldens kvalik er Kenneth Gangnes, Joachim Ødegaard Bjøreng,  Robert Johannson og Daniel Andre Tande.

Du kan følgje med på kvaifiseringa i Wisla  her.