Ordførar Sven Flo ber instendig om at folk som ikkje har noko å gjere i Utvik held seg borte frå det flaumherja området. Det gjeld også på fjorden der det er mykje vrakrestar som flyt.

- Det er mange som har lyst til å sjå korleis det ser ut i Utvik etter flaumen. Men mange er til hinder for oppryddingsarbeidet og dei sikringstiltaka som må gjerast, seier Flo i ei henstilling.