– Aukande ekstremvêr har gjort meg skeptisk til Storelva. Men at hoskulle angripe oss slik hadde eg aldri kunna førestille meg.

Dette seier Arne Hage i Utvik. Etter ei stund med skruing får hanendeleg start på straumaggregatet, einaste berginga for to frysararfulle med hjortekjøt og anna mat for familien.

– Det starta i sisteliten. No trur eg at i det minste frysarane våre skal vere berga,sukkar Hage. Han og familien er ekstremt hardt råka av skadeflaumensom oppstod grytidleg sist måndag morgon. Og det er ingaoverdriving – ekstremt hardt råka.

- Berre dersom også huset haddekollapsa og rausa på elva kunne det vore verre, spør vi?

– Jau, meneg er ikkje heilt sikker på det heller. Som entreprenør av yrke ereg svært usikker på kva som kan vere skadd langt ned i grunnenunder huset. Eg har mange stader sett kva som kan skje når vatnfår svekke grunnstrukturen, seier Hage. Han er difor svært usikkerpå kva som vil skje med utsiktseigedommen han tok over saman medkona og to døtrer i 1995.

- Kraftig, rett og slett

Natt til måndag rakk Arne Hage så vidt å sovne, før det braka laustmed tidenes torever over bygda.

– Det var voldsomt, rett og slett.Det verka ikkje til å vere ende på, time etter time. Det varumogeleg å sove. Så kom regnet, i tilsvarande styrke.

– Det varumogeleg å sove eitt einaste sekund. Utpå morgonkvisten blandalyden av tore seg med øyredøyvande brak frå elva, som går rettforbi hushjørnet vårt. Enorme steinar og anna braka forbi. Detheile fortona seg snart som det reinaste ragnarok, fortel Hage. Notok han umiddelbart med seg kona og to vaksne døtrer og rømdehuset.

– Akkurat slik vi stod og gjekk. Så gjekk vi tretti meteropp til naboen, og stod der gjennom resten av dramatikken, fortelArne Hage. Han har lagt svært mykje handarbeid ned i steinmurar oginfrastruktur kring huset.

– No er det vanskeleg å sjå føre segkorleis ein skal motivere seg til å starte opp att ein gong til,medgjev han.

– Uansett må ein jo berre kontakte forsikringsselskapog alle aktuelle etatar. Og ta ufrivillig ferie på ubestemt tid,seier Arne Hage og pressar fram eit smil. Han understrekar at detdet berre handlar om materielle verdiar.

– Men det er jo ogsåverdiar. Og noko som kjem til å krevje veldige mengder energi å fåpå plass att, uansett, innser Hage.

– Når du bur såpass nær eit vassdrag med namnet Storelva, har dunokon gong frykta at noko slikt kunne skje?

– I starten tenkte eglite på det. Men med tida har vi tatt innover oss at aukandeekstremvêr på kloden vår er eit faktum og ein faktor. Difor hareg tenkt stadig meir på den problematikken når det har regna mykje.Men at det skulle gå så ille, med så totalt uregjerlege krefter,nei det hadde eg aldri kunna førestille meg, seier Hage.

Ein heldigare nabo

Ein som har vore atskilleg heldigare er ein nabo litt lenger ned,Joar Skåden. Han er ute med to plastkanner for å skaffe ferskvatntil huset.

– Det kunne vel neppe vore nærare. Vi stod og sågvassmassane slikke oppetter plenkanten vår, medan alt frå tre,plankar, konteinarar og kva som helst dundra forbi. Litt meir vatn,kanskje berre eit kvarter lengre skybrot, og vi hadde gått med isame dragsuget som mange andre.  Nei, vi har vore særdeles heldigedenne gongen, konstaterer Skåden.

Ei rekkje tilreisande var tysdagi Utvik for å sjå på resultatet av infernoet dagen før. Ei av deivar fylkesmann Anne Karin Hamre:

– Skadane gjer eit overveldandeinntrykk. Det gjer også samhaldet mellom bygdefolket her. Vi skalsjå, og vi skal lære av dette, seier Hamre.

Joar Skåden sitt hus står framleis trygt i bakgrunnen, men gjekk klar flaumen med knappast mogleg margin. Den smadra bilen kom 250 meter nedover med vassmassane. Foto: Knut Arne Aarset