Stryn sitt herrelag er tilbake i 2. divisjon og det uttalte målet før sesongstart er å halde seg i divisjonen. Søndag var det første kamp ut framfor omlag 70 tilskodarar heime i Strynehallen mot Stord.

I ein svært så jamn og tidvis spennande kamp, vart det for mykje stang-ut for heimelaget. Det stod 26 - 28 på tavla når timen var spelt.

- Vi var vår eigen verste fiende i dag, sa Olli Sveinsson som debuterte som trenar for raudtrøyene søndag.

Meir om sesongstarten i tysdagsavisa