Konkursen i det Stryn-baserte moteselskapet var eit faktum onsdag. Konkursen omfattar holdingselskapet Moods of Norway AS og Moods Wholesale AS. Dei 18 butikkane rundt om i landet ligg i sistnemnde selskap.

Det har i ulike media vore omtalt ulikt tal tilsette som er råka av konkursen. Det korrekte er 200 tilsette fordelt på om lag 100 årsverk, seier styreleiar og dagleg leiar Jan Egil Flo.

Torsdag morgon sette han seg i møte med bustyrar, advokat Asbjørn Løvik, for å få oversikt over situasjonen og starte ein prosess for kva som skal skje vidare.

Løvik stadfestar overfor Fjordingen at samla gjeld i dei to konkursråka selskapa er på 112 millionar kroner. Dette fordeler seg på 25 millionar i holdingselskapet og 87 millionar i Moods Wholesale AS.

Samla aktiva i selskapa er oppgitt å vere om lag 70 millionar kroner, som i det alt vesentlege er verdien av varelageret.

Sparebanken Sogn og Fjordane som var Moods sin bankforbindelse utløyste i realiteten konkursen då banken sa opp driftsfinansieringa. Banken er største kreditor. Bustyraren har enno ikkje skaffa seg oversikt over alle kreditorane som er råka av konkursen.

- Kva skjer vidare?

- No må vi først og fremst skaffe oss oversikt over situasjonen, for så å finne vegen vidare. På generelt grunnlag etter konkursar kan eg seie at det er ulike alternative løysingar; Selje konkursbuet enkeltvis, samla eller i ein kombinasjon.

Alle dei 18 butikkane i Norge er stengde som følgje av konkursen. Til NTB seier Løvik at dei tilsette i utgangspunkt vil bli sagt opp.

Løvik vil overfor NTB ikkje kommentere om det er nokon som har meldt interesse for å ta over heile eller delar av selskapet.

Jan Egil Flo seier til Fjordingen at det er alt for tidleg å svare på spørsmål om kva som skjer vidare. Han kan heller ikkje svare på kva som skjer med Moods-butikken i Sverige og i USA. Desse to forretningane er eigne juridiske selskap med dagleg leiar og styre, og er i utgangspunktet ikkje omfatta av konkursen i dei to norske selskapa.