Statens vegvesen hadde fredag føremiddag tungbilkontroll ved Kjøs bru.

I ein fyldig kontrollrapport skriv Statens vegvesen følgjande:

Eitt vogntog hadde overlast og fekk kr 8750 i gebyr. I tillegg måttebilen lastast om til lovleg vekt før han fekk køyre vidare.

Ein lastebil mangla pålagt bombrikke, og fekk 8.000 kroner i gebyr for dette.

Ein bileigar fekk gebyr for ikkje å ha med vognkort under køyring.

Ein sjåfør fekk mangel på grunn av knust frontrute.

Eitt vogntog hadde feil på ABS-systemet på bremsane, og fekk køyre til verkstad for reparasjon.

To førarar måtte fjerne gjenstandar i frontruta før videre køyring.

To førarar fekkadvarsel for brot på køyre- og kviletida.

Ein sjåfør hadde både sitteige sjåførkort og ein annan sitt kort ståande i fartsskrivaren.Sjåfør vert meld, og sjåførkortet til den andre sjåføren vertinndrege.

I alt vart 36 køyretøy kontrollerte.