Bustyrar Asbjørn Løvik fortel at det er fleire som har meldt si interesse for konkursbuet til Moods of Norway.

- Det stor interesse rundt konkursbuet, både frå interessentar til aktiva, selskapa sine forretningssamband og media, fortel bustyraren i ei pressemelding.

Sikrar dei tilsette sine rettar

Selskapa hadde til saman 200 tilsette som vert oppsagt i samband med konkursen.

- I denne tidlege fasen i buhandsaminga må eg prioritere å ha fokus på å sikre dei tilsette sine rettar og finne løysingar til det beste for selskapet sine kreditorar, seier bustyraren i pressemeldinga.

Ikkje mogeleg å seie kva som er den endelege løysinga

Konkursbuet arbeider med ulike løysingar når det gjeld realisasjon av det som finst av aktiva i buet.

- Det vil enno ta noko tid før konkursbuet har fått dei nødvendige avklaringar. Det er difor ikkje mogeleg å vere konkret på kva som vert den endelege løysinga, seier Løvik.

Asbjørn Løvik er bustyrar i konkursbuet etter Moods of Norway AS og Moods Wholesale AS. Foto: Bengt Flaten

Fjordane Tingrett opna konkurs i Moods of Norway AS og Moods Wholesale AS 20. september etter frivillig oppbod frå styret i selskapa.