Stryn møtte Bergen Vest i tredje serierunde i 2. divisjon i handball for herrer laurdag ettermiddag.

Eit særdeles gåvmildt og tannlaust heimelag låg under 12-13 mot bergenslaget til pause,  som kom til Stryn frå stortap mot Bergsøy i går. Laget kom også utan innbytarar.

Lite tempo og billege baklengsmål prega opningsomgangen for Stryn, og spesielt bortelaget sin høgreback Erik Heldal fekk gjere nesten som han ville.

Stryn tok seg sjølve i nakken, og seks-sju minutt før slutt var raudtrøyene oppe i firemålsleiing, 28-24. Bergensarane gav ikkje opp, og takka vere passivt forsvarsspel frå Stryn si side gjekk dei opp i 30-29 med halvminuttet att på kampuret. Eit velplassert skot frå Lovro Kresic ti sekund før slutt redda uavgjort for Stryn.

Sjølv om laget endeleg vart kvitt nullen i poengprotokollen, så vil resultatet likevel følast som eit tap.

Trenar Olli Sveinsson og Stryn har no ein månad til neste kamp.

I damene sin 3. divisjon sesongopna Stryn med tap 18-33 mot Fyllingen 2.

Meir om handballkampane i papiravisa tysdag.