Eigedelane til konkursramma Moods of Norways har ein samla verdi på70 millionar kroner, opplyser bustyrar Asbjørn Løvik.

Frå før erdet kjent at selskapa Moods of Norway AS og Moods Wholesale AS harein samla gjeld på 112, 2 millionar kroner. Selskapa er dermed 42,2millionar kroner i minus.

Mood-gründer Simen Staalnacke: - Eksepsjonelt trist.

Løvik opplyser i ei pressemelding at alledei 200 tilsette i selskapa blir sagt opp i samband med konkursen.Dei 18 butikkane landet rundt blir haldne stengde inntil vidare.

–Konkursbuet jobbar med ulike løysingar for realisering av aktiva.Det vil enno ta noko tid før konkursbuet har fått dei nødvendigeavklaringar. Det er derfor ikkje mogleg å vere konkret på kva somblir den endelege løysinga, seier Løvik. Han seier det er storinteresse rundt konkursbuet, både frå interessentar til aktiva,forretningssambanda til selskapet og media.

– I denne tidlege faseni bubehandlinga må eg prioritere å sikre rettane til dei tilsetteog å finne løysingar som er til det beste for kreditorane tilselskapet. Eg ber om forståing for dette, seier Løvik. Han gjentarat eigarane har opplyst at utanlandssatsinga til selskapet varkostbar og måtte byggjast ned og at valutaeksponeringa påførteselskapa tap.

– Dette kombinert med ein skjerpakonkurransesituasjon mot sal over internett gav dårleg lønsemd ogstore likviditetsproblem. Då banken sa opp driftsfinansieringa tilselskapet, såg ikkje styret ei anna løysing enn å melde oppbod,seier bustyraren.

(©NPK)