Nasjonale og lokale myndigheiter må snakke saman. Dette erhovudbodskapen frå fylkesordførar Jenny Følling etter eitinformasjonsmøte om skrantesjuka (CWD) med ordførarane i kommunaneHemsedal, Lærdal og Aurland, går det fram av ei pressemelding frå fylkeskommunen

Vegen vidare for å få ein friskvillreinstamme var den overordna agendaen når dei politiskeleiarane møttes i Lærdal onsdag 4. oktober. Dei er samde om at deter behov for eit møte med landbruks- og matministeren så snart sommogeleg.

Lokalkunnskap viktig

– Det er mykje vi ikkje veit omdenne sjukdommen i dag, og innhenting av kunnskap vil vere eitviktig punkt. Dei nasjonale styresmaktene som tek avgjerda, må hagod dialog med lokale myndigheiter, og bruke lokal kunnskap når deiskal vurdere tiltak og handtere ein så vanskeleg situasjon, seierfylkesordførar Jenny Følling etter møtet.

Ordførar Oddvar Grøthe iHemsedal meiner at kommunane burde få delta i beslutningsrekka,saman med Landsbruksdepartementet og Mattilsynet.

Usikkerheit ogspekulasjonar

CWD-koordinator Lars Nesse er tilsett som ein felleskoordinator for dei aktuelle kommunane og orienterte under møtet iLærdal om prosessen og stoda no. Nesse saknar meir ressursar fråstyresmaktene i ei sak som er karakterisert som ei nasjonal krise.Han stilte også spørsmål om kva kunnskap vi kunne fått ved å vente.CWD-koordinatoren meiner det stadig kjem ny kunnskap, og at det ermykje usikkerheit og spekulasjonar rundt avgjersla om å skyte nedog destruere heile villreinstammen i Nordfjella. Nesse sakna einstandardisert måte å teste dyra på, og fekk støtte fråAurland-ordførar Noralv Distad i at dette må ryddast opp i.

- Ventmed saneringsplan

Det kom det klare signal frå kommunane om at detbør brukast meir tid før den vedteke saneringsplanen vert sett iverk. Fylkesordføraren var tydeleg på at det er nødvendig med einbetre dialog mellom dei nasjonale myndigheiter som tek avgjerslene,og kommunane som sit på viktig lokalkunnskap, når tiltak for åutrydde smitten skal settast i ut i livet. Fylkeskommunen har eitregionalt ansvar for hjortedyrforvaltninga, og skal sjå til atkommunane samarbeider om hjorteviltforvaltninga der det ernødvendig. Kommunane på si side har eit stort ansvar forforvaltninga av hjortevilt, medan det er villreinnemndene som tek ivare den offentlege delen av villreinforvaltninga.