Biletet er frå siste nummer av magasinet Perspektiv som ligg ombord samtlege Widerøe-fly i Norge. Steinar Matre, som tipsa om saken, fortel han stussa då han såg annonsa for Via Ferrata i Romsdalsstigen når biletet måtte vere frå Loen.

Via Ferrata i Loen har gitt beskjed til Widerøe om blemma.

- Etter det vi veit er det Widerøe som har blingsa på dette. Dei er blitt informert og vi håpar dei kjem med ei korrigering i sitt neste nummer, seier leiar av Loen Active, Erik Brendefur.

Widerøe seier til Fjordingen at dei vil sjekke den openbare feilen opp mot redaksjonen i Perspektiv og kome tilbake med ei forklaring.

Ei heilsides annonse i siste nummer av Perspektiv Foto: SMS Tipsar Steinar Matre