To franske forskarar seier dei kan ha funne ei fysiologisk årsaktil dysleksi som kanskje kan behandlast.

Forklaringa ligg ilysmottakande celler i auga. Hos dyslektikarar er dei lysmottakandecellene i auga plassert i matchande mønster i begge auga. Det kangjere hjernen forvirra ved at det oppstår doble bilde, ellerspegelbilde. Hos folk som ikkje har dysleksi er dei same celleneplasserte i asymmetriske mønster, slik at signala frå det eine augakan bli overskrivne med signal frå det andre auga og dermed skapeeitt enkelt bilde i hjernen.

– Våre observasjonar gjer at vi meinervi faktisk har funne ein potensiell årsak til dysleksi, seier GuyRopars ved universitetet i Rennes til AFP.

– Mangelen på asymmetrikan vere den biologiske og anatomiske forklaringa på lese- ogstaveproblem. Dyslektikarar kan for eksempel blande samanbokstavane «b» og «d», som er spegelvende, heiter det i studien somer publisert i Proceedings of the Royal Society B. Ropars har samanmed sin kollega Albert le Floch brukt det dei kallar ein relativtenkel metode. Dei har sett inn i auga til folk ved hjelp av LED-lyssom blinkar så raskt at det blir usynleg å sjå med det nakne auga.AFP oppgir ikkje kor mange som har deltatt i studien, mentestpersonane vart utsette for det blinkande lyset mens dei las.

Ropar kallar framgangsmåten «den magiske lampa». Han seier det ernødvendig med fleire studiar for å få bekrefta om metoden verkelegfungerer. Rundt 700 millionar menneske, om lag kvar tiande person,har dysleksi.

(©NPK)