Stryn sitt 2. divisjonslag i handball for herrar tapte heile 21-35 heime mot Bergen HK laurdag, etter 8-19 til pause.

Eit strynelag utan fart, bevegelse og rytme sleit voldsomt mot bergensarane, og Oddbjørn Håvik og Olav Mathias Flo hadde ei heller utakknemleg oppgåve bakerst.

Pasningsspelet sat ikkje, og skota gjekk oftare i klatreveggen bak mål enn i nettmaskene.

- Dette var pinleg svakt, det er heile laget einig i, seier trenar Oli Sveinsson, som heldt laget lenge i garderoben etter kampen for ein alvorsprat.

- Vi må alle ta ansvar her, både eg på benken og spelarane. Det var viktig å bli ferdig med denne kampen og samtidig fange opp dei tinga det er verdt å ta med seg vidare, fortel Sveinsson.

Allereie i morgon får spelarane sjansen til å rette opp inntrykket når Bjørnar kjem til Stryn.

Handballherrane står no med eitt poeng på sine fire første kampar.