Norge er stort sett godt rusta til å levera nok straum tilelektriske båtar og bilar, men det trengst likevel ei ekstraopprusting av straumnettet for å skaffa nok straum til el-ferjer oglandstraum, meiner NVE.

– Nettselskapa har planlagt storeoppgraderingar av straumnettet i åra som kjem, og straumnettet vilstort sett kunne levere nok straum til elektriske køyretøy og båtardei fleste stader. Vi er difor godt rusta for å reduseraklimagassutsleppa frå transport, noko som er viktig for å nåklimamåla til Norge. Det er likevel behov for ekstra investeringarfram mot 2030, ikkje minst knytt til elferjer og landstraum tilskip, seier avdelingsdirektør Anne Vera Skrivarhaug i NVE.

I 2030reknar NVE med at det vil vere 1,5 millionar elbilar på norskevegar, 7.000 nye hurtigladarar til elbilar og at alle bybussane erelektriske. I tillegg ser direktoratet føre seg at to av treferjesamband blir drivne med elektriske ferjer, og at dei størstehamnene har landstraumanlegg som leverer straum til skip.

Skrivarhaug meiner det er viktig at straumen i framtida blir bruktpå ein slik måte at nettet blir utnytta mest mogleg effektivt. Homeiner batteri kan vere ein måte å jamne ut straumforbruket på ogbidra til at ei reduserer belastninga på nettet. Dette blir ikkjeminst trekt fram for elferjer som ligg kort tid ved kai.

(©NPK)