Per Hatledal og Bergdrift AS har hatt ansvaret med å bytte ut den om lag 600 meter lange rørgata til Dalane kraftverk i Markane.

Han seier at det eigentleg passa littdårleg med snøen som har kome siste dagane:

– Det går bra så langt,men eg vil helst ikkje ha så mykje meir snø no, det vil forsinke arbeidetlitt.

Den gamle rørgata i stål frå 1920-talet er erstatta med nyerør i glasfiber. Den nye rørgata ligg ikkje i dagen som den gamle,men to til fire meter ned i bakken. Heile rørgateprosjektet erkostnadsrekna til om lag sju millionar kroner.

Hatledal erinne i sluttfasen i sitt arbeid, og berre tildekking av rørgata oglitt arbeid ved inntaket øvst oppe står att. Då har han i tillegginspisert samfulle 600 meter med rørgate innvendig.

– Ja, eg startai kraftverket og jobba meg oppover. Det var bratt i starten, men eggreidde no å kome meg framover. Eg har fotografert kvar einasteskøyt innvendig, seier Hatledal, som brukte 35 minutt påinspeksjonsjobben.

– Hadde eg hatt betre tid kunne eg gjerne tekemed meg matpakka og, seier Hatledal med eit smil.