Torsdag skal nemnda for heraldikk kome med si tilråding til Fellesnemnda til kommunevåpen for nye Volda kommune.

Førre gong Hornindal var gjennom prosess med kommunevåpen var i 1987. Då stod valet mellom fele, ljå eller ste (ambolt). Val av kommunevåpen skapte stor debatt og mykje engasjement den gongen, og då var det som kjent ljåen som vann. Det var Petter Eide som teikna vinnarforslaget den gongen.

No er oppgåva muligens endå meir krevjande, sidan omsynet til to kommunar skal med i vurderinga. Leiar for heraldikknemnda, Jon Tvinnereim, trur likevel at dei har landa på ei tilråding som mange vil like.

- Personleg tykkjer eg det er eit veldig bra forslag og trur det vil bli godt motteke, seier Tvinnereim. Han fortel at to av dei fremste fagpersonane i landet innan heraldikk har vore konsultert.

Gav lovnader om at Hornindal skal vere synleg

Etter at nemnda i vår tilrådde at namnet på den nye kommunen skulle vere Volda, lova Tvinnereim at Hornindal skal vere godt synleg i nytt kommunevåpen.

– Volda fekk heile potten med namnet, men når det gjeld kommunevåpenet så vil Hornindal kome til syne. Hornindal har eit veldig godt kommunevåpen, og dette har vi alt snakka om i nemnda. Det skal visast igjen at Hornindal er ein del av den nye kommunen, uttalte Tvinnereim i juli.

Det er Fellesnemnda som kårar vinnaren med bakgrunn i tilrådinga frå heraldikknemnda. Deretter skal forslaget vedtakast i dei to kommunestyra. Det er departementet som gjer endeleg vedtak.

I 1987 stod valet mellom ljå, fele og ste (ambolt).
Slik ser dei to kommunevåpena ut i dag. Ljå for Hornindal og pennsplitt for Volda.