Nordsida sokneråd har sendt brev til Stryn kommune, avdeling for kommunalteknikk, med spørsmål angåande parkeringsareal og ferdigstilling av anleggsområdet nord-vest for kyrkja.

Sjølv om soknerådet er glad for at parkeringskapasiteten blir auka vil rådet minne om kor viktig det vil vere å gjere tiltak som i framtida hindrar flaumvatn over gravfelta.

- Det kraftige regnveret 24. juli i år førte til at vatn kom nedetter hammaren nord-aust for elva. Vatnet førte til graving i vegbana fordi det ikkje var effektiv grøft mot hammaren. Heldigvis kom ikkje vatnet inn på kyrkjegarden, men kryssa vegen lenger nord-aust. Vi reknar med at parkeringsplassen skal ferdigstillast med grøft mot hammaren, går det fram av brevet frå soknerådet.

Vidare skriv soknerådet at flaumvatn med omfattande utgraving i gravfelta vil vere ei katastrofe.

- Vi vil difor be om at veggrøft mot hammaren og profilering av veg/parkeringsareal langs noverande og framtidig gravfelt vert dimensjonert og utforma slik at det effektivt hindrar framtidige flaumar i å kome inn på gravfelta, skriv leiar Rune Berglid i Nordsida sokneråd.