Statskog, som er Noregs største skogeigar, eig drygt fire millionar dekar produktiv skog. Men over halvparten av skogen til statsføretaket står urørt fordi 20 prosent av skogen er verna eller vurdert for vern, mens ytterlegare 10 prosent er verna av miljøomsyn.

I tillegg står nærmare 25 prosent av skogen urørt fordi det ikkje er økonomisk berekraftig å drive hogst.

– Vern og sal av eigedom påverkar oss, men endå viktigare er skogplantinga som skjedde for 80–90 år sidan. Desse lange linjene tilbake i historia gir alle skogbrukarar svingingar over tid, seier skogsjef Monica Grindberg.

Statskog avverka i 2016 omtrent 315.000 kubikkmeter, mens planen for 2018 er å avverke 290.000 kubikkmeter. Reduksjonen i tømmerhogsten svarar til 650 tømmerbilar.

– Kvantumet blir avgjort av kor mykje skog som er aktuell for hogst. Vi går no inn i ein periode der vi har mindre hogstmoden skog på våre eigedommar som kan drivast, og då senkar vi aktiviteten, seier Grindberg