Lengst i kvaliken

Fannemel er med

Hoppar i dag Anders Fannemel kan vere fornøgd med gårsdagens kvalifisering. I ettermiddag hoppar han om viktige verdscuppoeng i bakken der han tok sin første verdscupsiger.  Foto: Tadeusz Mieczynski

New Articles

Anders Fannemel er med i dagens verdscuprenn i hopp i russiske Nizjnij Tagil etter at han vart nummer åtte i kvalifiseringa i går. Fannemel var lengst ned i bakken med 135 meter.

Marcus Eisenbichler frå Tyskland vann kvalifiseringa, med Johann Andre Forfang (Norge) og Pius Paschke (Tyskland) på dei neste plassane.

Seks norske hopparar deltek i dagens konkurranse, og Fannemel hoppar først av dei norske med startnummer 21.

Honndølen trivst i bakken i Nizjnij Tagil, og det var her han vann sin første verdscupsiger i 2014.