Anders Fannemel gjorde to solide hopp i verdscuprennet i russiske Nizjnij Tagil søndag og vart til slutt nummer seks.

Honndølen låg på 8. plass etter 130 meter i første omgang. I andre omgang plussa Fannemel på to meter, noko som altså heldt til ein 6. plass.

- Anders gjer verkeleg jobben i dag, sa NRK sin ekspertkommentator Johan Remen Evensen etter Fannemel sitt siste hopp.

I gårsdagens renn vart Fannemel nummer 22 etter å ha kome med til finaleomgangen som sistemann.

Det var også i denne bakken Fannemel tok sin første verdscupsiger i 2014.

Daniel Andre Tande vart beste nordmann på 5. plass. Vinnar av rennet vart tyskaren Andreas Wellinger.

I verdscupen samanlagt gjorde Fannemel eit byks med dagens resultat, og han ligg no på ein 18. plass med 55 poeng.

Neste helg står individuelt renn og lagkonkurranse på programmet i tyske Titisee-Neustadt.