Sentrumsrevyen «Alt for Stryn» gjekk for tilnærma full sal i Stryn kulturhus laurdag. Det var mange innslag, men det var i første rekke songen som bar oppe framsyninga i år.

Ingeborg Vonheim (9) si framføring av «Julenatt» måtte røre dei fleste.

Vi fekk også urpremiere på julesongen «Under Herrens veng» skriven av Torstein Tvinnereim og framført av Inge Matias Tvinnereim med tonefylgje av Jan Nygård som har laga melodien. Mykje var bra, men det nådde ikkje fjorårsnivået. Skulle hatt litt meir sentrum. Gamlekarane og engelen var det næraste vi kom.