For første gong inviterer Stryn Handel til julemarknad i Stryn Kulturhuse. Julemarknaden torsdag kjem i stand etter eit initiativ frå aktivitetsgruppa i Stryn Handel, Randi Line Raudi, Wenche Aaning og Lisbeth Husevåg, og er eit samarbeid med Stryn Kulturhus.

- Kvifor skipar Stryn Handel til julemarknad?

- For å spreie litt god julestemning og skape aktivitet i sentrum. Butikkane har langope, og på marknaden i kulturhuset vert det rundt 20 utstillarar med alt frå julemat, husflid og handarbeid til foto, blomster og glaskunst, seier Wenche Aaning og Randi Line Raudi.

- Det er kino, open symjehall og open kafé, det blir juleverkstad for born og sjølvsagt kjem nissen innom. Så vi håpar folk set pris på julemarknaden og tek seg ein tur, slik at vi kanskje kan skape ein ny tradisjon, seier arrangørane, som legg til:

- Vi får også besøk av Stryn sitt svar på Sølvguttene, kanskje vi skal kalle dei Gullguttene? Det er karane frå Stryn Ping Pong Club som kjem for å synge julesongar. Garantert julestemning!