Med eit hopp på 203 meter kvalifiserte Anders Fannemel seg til morgondagens renn i skiflyging i Bad Mitterndorf i Austerrike. Honndølen vart til slutt nummer 19.

- Det vart nokre meter opp til dei beste, og Anders vart ståande litt for mykje oppreist, sa NRK-ekspert Johan Remen Evensen om hoppet.

Daniel Andre Tande vann kvalifiseringa med eit hopp på 216,5 meter. Andreas Stjernen hoppa meteren kortare og vart nummer to.