Det vart aldri noko skiflygingsrenn for Anders Fannemel og dei andre hopparane i Kulm i dag. Etter at kvaliken vart avlyst på grunn av vanskelege vindforhold, vart det bestemt at rennet skulle gå utan kvalik. Etterpå vart rennstart utsett ein gong, for til slutt å bli avlyst. Dermed reiser hopparane vidare til Oberstdorf og byrjar førebuinga til VM i skiflyging der.