Stryn sitt herrelag i 2. divisjon handball måtte nok ein gong sjå at poenga glapp heilt på slutten.

Denne gong var det St. Hallvard 2 frå Lier som heldt hovuda kaldast i hektiske sluttminutt, og laget kunne juble for 24-21 siger då sluttsignalet gjekk.

Berre 24 mål bakover skal normalt halde til siger, men for enkle og for raske avslutningar gjorde at heimelaget berre greidde å score 21.

Mot slutten gjekk det ei kule varmt for heimelaget, som hadde sjansen då laget berre var eitt mål bak på stillinga 20-21. To utvisningar og angrepsfeil gjorde imidlertid jobben vanskeleg for Oddbjørn Håvik og co. Dermed ligg Stryn framleis under nedrykksstreken.

Leon Pavlovic vart kåra til heimelaget sin beste spelar.

Då gjekk det betre for Stryn sitt damelag i 3. divisjon tidlegare på dagen, og laget hadde ingen problem med å setje naboen Florø grundig på plass med heile 28-13. Til pause leda Stryn med ti mål, og etter pause kontrollerte laget inn ein fortent 15-målssiger. I andre halvdel av 2. omgang fekk mellom andre 16-åringane Kornelia Sunde Flo og June Leirgulen godt med speletid, og sistnemnde scora sitt første mål på seniornivå.

Strekspelar Jenny Løvdal Stauri, som spesielt før pause fekk gode arbeidsforhold, vart kåra til Stryn sin beste spelar. Strynedamene ligg på femteplass etter ni spelte kampar.

Stryn og Jenny Løvdal Stauri fekk det enkelt mot Florø og vann med heile 15 mål. Foto: Thomas Thaule