Mange barn opplever utetida i barnehagen som kjedeleg fordi deivaksne manglar kompetanse på kreativ uteleik, seier førstelektorTrond Løge Hagen.

– Mange barnehagar har ein detaljert plan forulike aktivitetar knytt til det pedagogiske innhaldet når barna erinnandørs, men er vage og generelle når det gjeld kva dei skalgjere når barna er ute, seier Hagen til Dagsavisen. Hagen jobbarved seksjon for fysisk aktivitet og helse ved Dronning Mauds MinneHøgskole for barnehagelærarutdanning (DMMH) i Trondheim. Hanunderstrekar at det er eit stort behov for meir kunnskap ogbevisstgjering om utetida i barnehagen og får støtte av LasseHeimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv.

For tre år sidanutvikla friluftslivsåret 2015 samarbeidsprosjektet Naturpilotanefor å gi tilsette i barnehagar kompetanse i korleis bruke naturen.Over 2.000 tilsette melde seg på kurset. Norsk Friluftsliv søkte omstøtte til å vidareføre prosjektet etter 2016, men fekk nei fråMiljødirektoratet.

– Eg meiner det er ein skandale – først ogfremst for norske småbarn. Ikkje berre viser forsking at kreativuteleik fremmar god helse og motorisk og sosial utvikling. Nyforsking viser også at det gjer barna meir konsentrerte når deibegynner på skulen. Regjeringa må vakne og finne ut kven som skalta ansvar i denne saka, seier Heimdal.

(©NPK)