Johannes Thingnes Bø hadde eit vanskeleg utgangspunkt då han gjekk ut på tredjeetappen på dagens mix-stafett i skiskyting i OL. Tiril Eckhoff hadde sjansen til å ta inn på teten då laga i front måtte ty til ekstraskot på 2. etappe, men i staden måtte ho ut i strafferunde og veksla med Thingnes Bø 1.23 minutt bak teten.

Allereie etter ein liten kilometer på sin etappe hadde Thingnes Bø teke inn sju sekund på tyskarane som leda. Ut frå skyting var avstanden igjen på 1.23, men opp til bronsemedaljen var det berre 20 sekund. Inn mot ståande skyting tok Markaneekspressen inn nye sekund, og med fullt hus var det plutseleg berre 15 sekund opp til sølvet. Til veksling kom Thingnes Bø likt inn med Italia og Frankrike, halvminuttet bak Tyskland.

Ein strålande etappe av Johannes, som verkeleg gjorde jobben på sin etappe.

Emil Hegle Svendsen gjekk ein solid siste etappe, og då Tyskland og Italia sprakk på siste ståande greip Svendsen sjansen med begge hender og sikra norsk sølv 20 sekund bak Frankrike.

- Eg måtte gå på limit heile vegen, sa Johannes Thingnes Bø etter løpet, strålande fornøgd med sølvmedaljen.

- Vi visste at vi måtte krige for å vere med i kampen om medalje, og dette sølvet er godt som gull! Dette var bra levert, og vi skal vere veldig godt fornøgde med medaljen, sa Thingnes Bø til TVNorge etter løpet.

Det norske laget var sett saman av Marte Olsbu, Tiril Eckhoff, Johannes Thingnes Bø og Emil Hegle Svendsen.

Stryningen sikra seg dermed sin andre medalje i OL i Pyeongchang. Frå før har han gull på normaldistansen.