Stryn sine handballherrar i 2. divisjon spelar i kveld sesongens til no viktigaste kamp når Bergsøy står for tur på bortebane.

Stryn såg ut til å vere fortapt i botnen av tabellen, men etter bortesigrane mot Bergen HK og ikkje minst serieleiar Bjørnar for to og ei halv veke sidan har Stryn plutseleg alt i sine eigne hender når det gjeld å sikre plassen i divisjonen. Næraste utfordrar Falk Horten 2 ligg med sine 11 poeng på sikker plass, eitt poeng føre Oli Sveinsson sitt mannskap, men austlendingane har spelt to kampar meir enn Stryn. Med siger i kveld vil med andre ord Stryn vere over nedrykksstreken for første gong sidan sesongstarten.

- Det er eit godt lag vi møter, men vi skal prøve å vinne vår tredje kamp på rad. Det er ei tøff oppgåve, men det skal vi klare, seier trenar Oli Sveinsson til Fjordingen.

Stjepan Knezic spelte sine to første kampar for Stryn i Bergen, og kroaten som kom frå Tynset i januar kan vise seg å bli ein nyttig og ikkje minst viktig spelar for Stryn i serieinnspurten.

Heimekampen mot Bergsøy vart ein thriller, der bortelaget til slutt stakk av garde med sigeren 25-28. Truleg blir det ein ny jamn kamp denne gongen.