Johannes Thingnes Bø leia ut frå siste skyting i verdscuprennet i sprint i Holmenkollen i ettermiddag, men måtte sjå seg slått på sisterunden av lagkamerat Henrik L'abée-Lund. Ein sliten Johannes Thingnes Bø hadde ei leiing på 1,1 sekund ut frå siste skyting, etter å ha måtta ein tur i strafferunda. Han beheldt leiinga til siste mellomtid, der han var eit par sekund bak. I mål kunne ein vantru L'abée-Lund konstatere at det skilde 6,1 sekund, og at han sjølv dermed hadde teke sin første verdscupsiger.

Mellom Johannes Thingne Bø og Martin Fourcade på 3. plass var det berre åtte tideler. Johannes knappa dermed noko inn på forspranget franskmannen har i verdscupen. Fourcade braut staven i starten av løpet, men skaut etter det to fulle hus.

Tarjei Bø fekk ein bom på liggande skyting og ein på ståande, og gjekk i mål til ein 26. plass. - Eg er ikkje fornøgd med to bom, men det var bra fart i sporet så det går i riktig retning, sa han til NRK etter løpet, og la til: - Det var ekstremt artig at det endeleg var Henrik sin tur. Det fortener han absolutt,

Ein svært sliten Johannes Thingnes Bø, som hadde dagens beste langrennstid, sa han var glad for å kome på pallen i dagens renn.

- Eg starta i andre pulje og såg at favorittane skaut 10 treff. Eg trur nok det gjorde at eg heva eige nivå litt. Det vart hardt på slutten, eg hadde ikkje noko å ta opp kampen med. Men eg er glad eg forsvarte sprinttrøya, sa han til NRK, og la til at han var glad for å ha Fourcade bak seg på restultalista med tanke på samanlagtsigeren i verdscupen.

- Veldig fortjent! sa han om sigeren til lagkamerat Henrik L'abée-Lund. Også veteran Ole-Einar Bjørndalen var full av lovord over dagens vinnar.

Martin Fourcade leiar no verdscupen samanlagt med 936 poeng, 37 poeng framfor Johannes Thingnes Bø som etter dagens løp har 899. Anton Shipulin ligg på tredje plass med 591 poeng.