Det var igjen Martin Fourcade sin dag som gjekk sigrande i mål 18,01 sekund føre italienske Hofer under 12,5 kilometer jaktstart i Holmenkollen laurdag. Det betyr at Fourcade, med 10 sigrar i Kollen, er tidenes mestvinnande i Holmenkollen.

Ein skuffa Johannes Thingnes Bø tok tredjeplassen med fire bomskot.

- Utruleg dårleg skyting i dag. Eg hadde ville ski og vill kropp, så det er veldig synd, sa han til statskanalen etter målgang.

Johannes er ikkje optimistisk til poengscoren og trur avstanden fram til franske Fourcade samanlagt blir for lang.

- Eg er avhengig av at Fourcade går på ein smell, med ein dårleg sprint og påfølgande jaktstart, så det ser ikkje så lyst ut, fastslår Johannes. Han gler seg allereie til stafetten i Kollen søndag. Det var 11.000 tilskodarar under jaktstarten i Kollen laurdag.

- Det trur eg blir moro. Det er veldig god stemning her og gjevande å gå i kollen, sa Johannes.

Storebror Bø var godt nøgd med sin 12. plass.

- Veldig godt nøgd med 19 treff så begynner eg å likne ein Bø i sporet igjen, så det er bra, sa Tarjei Bø.

På spørsmål om kva han synes om Fourcade, var han tydeleg.

- Han har vore på pallen i eit år i strekk. Vi må applaudere store idrettsmenn for han er den største, sa Bø.

Søndag er det altså stafett i Kollen