Stryn fotball har i samarbeid med fotballkretsen sett i gong eit trenarkurs som er eksklusivt for damer. Måndag ettermiddag møtte 15 damer opp på Stryn stadion for å ta del på kurset som er eit pilotprosjekt i Sogn og Fjordane.

- Dei fleste som tek trenarkurs i dag er menn, så det er veldig kjekt at vi har eit slikt kurs for damer her i Stryn, seier Marius Bøe som er trenarutviklar i fotballkretsen. Han seier at kurset er eit lavterskelkurs som er sett saman av teori, praksis og diskusjonar.

- Alle som er med her i dag sit på ein eller annan form for erfaring som kan brukast som fotballtrenar, heldt Bøe fram. Kursdeltakarane har ulik fotballbakgrunn, nokre er heilt ferkse, medan andre har både spelt og trent lag.

Siv Solberg og Katrin Oppheim er to av deltakarane på kurset. Sjølv om begge har trenarerfaring frå før så ligg kursinga dei har fått litt tilbake i tid. Begge ser fram til kurset:

- Fantastisk at så mange damer stiller på kurs. No ser vi fram til gode innspel, seier Solberg og Oppheim, som begge meiner det er viktig å få fleire damer inn i trenargjerninga.

Du kan lese meir om det unike trenarkurset i papiravisa.