Fjordingen hadde tysdag føremiddag besøk av konsernsjef Per Axel Koch og administrerande direktør i Polaris Media Nordvestlandet, Harald Rise.

Toppleiinga er på sin årlege turne i mediehusa, og etter besøket i Fjordingen står Fjordabladet på Eid og Fjordenes Tidende i Måløy for tur.

-Det er viktig å korte ned avstanden mellom leiing og tilsette, og bygge ein bedriftskultur. Vi har også fått tilbakemeldingar på at besøka våre i dei ulike mediehusa er bra, seier konsernsjef Per Axel Koch.

Koch seier vidare at han gler seg over at Fjordingen er i fin framgang, og at mediehusa kjem til å spele ei viktigare og viktigare rolle framover.

Konsernsjefen besøker årleg om lag 40 selskap tilknytta Polaris Media frå Måløy i sør til Alta i nord.