Partne i lærarkonflikta er einige om å anbefale ein ny arbeidstidsavtale for lærarane. Skulane er dermed i full drift igjen over heile landet frå i morgon.

Nordfjord vart i denne streiken ikkje direkte ramma, men Utdanningsforbundet har vist stort engasjement lokalt og ei stor gruppe lærarar frå indre Nordfjord deltok også på ei stor streikemarkering i Førde.

– Ein tøff, men nødvendig streik har ført fram. Vi har klart å behalde fleksibiliteten lærarane treng for å gjere ein god jobb for elevane, seier leiar i Utdanningsforbundet,  Ragnhild Lied, i ei pressemelding. Avtala skal no ut på uravstemming.

- Avtalen slær fast at lærarane ikkje kan påleggast meir bunden tid enn i dag, men legg opp til lokale forhandlingar om tilstedeværelsen på den enkelte skulen. Dette betyr at lærarane kan vere meir til stades på skulen enn minimumskravet, dersom dei ønskjer dette. Dersom skuleleinga og lærarane ikkje er einige, vert saka send inn til partane på kommune- og fylkesnivå. Dersom dei heller ikkje blir einige, gjeld minimumskravet om tilstedeværelse, som altså er akkurat som i dag, skriv Utdanningsforbundet i si pressemelding.

- Dette har vore eit viktig prinsipp for oss som jobbar for lokalt sjølvstyre. Difor er vi glade for at lærarorganisasjonane har kome oss i møte på dette, seier Helgesen, som likevel understrekar at KS langt frå er like nøgde med alle deler av avtalen:

- Vi har jobba lenge for å få til ei avtale for dei som ikkje greier å bli einige lokalt som sikrar meir tilstedeværelse. Det har vi ikkje fått til. Eg er likevel overtydd om at på dei fleste skular vil dyktige lærarar og skuleleiarar i fellsskap finne fram til dei gode løysingane, seier Helgesen.

- I KS har vi følt veldig sterkt på ansvaret for at barna skal få komme på skolen. Det har vært hovedgrunnen til at vi har gått enda en runde for å forsøke å finne en løsning på konflikten, sier styreleder i KS, Gunn Marit Helgesen. Avtalen som nå er anbefalt av både KS og lærernes organisasjoner; Utdanningsforbundet, Skolenes Landsforbund, Norsk Lektorlag og Musikernes Fellesorganisasjon, innebærer at hele ansvaret for prosesser og avgjørelser om organisering av arbeidstiden legges til den enkelte skole og kommune. - Dette har vært et viktig prinsipp for oss som jobber for lokalt selvstyre. Derfor er vi glad for at lærerorganisasjonene har kommet oss i møte på dette, sier Helgesen, som imidlertid understreker at KS langt fra er like fornøyd med alle deler av avtalen: - Vi har jobbet lenge for å få til en avtale for dem som ikke klarer å bli enige lokalt, som sikrer mer tilstedeværelse. Det har vi ikke fått til. Jeg er likevel overbevist om at på de fleste skoler vil dyktige lærere og skoleledere i fellesskap finne frem til de gode løsningene.