Ivar Aasen-tunet markerer opninga av systerinstitusjonen Olav H.Hauge-senteret i Ulvik torsdag ved å vise to filmar om Hauge sitt livog verk. DokumentarfilmenDen andre mannen, regissert av Vigdis Nielsen i 2008, gir eit uniktportrett av diktaren Olav H. Hauge. Sjølv om mange kjenner diktatil Hauge, er det nok færre som kjenner livet til Hauge, som istore periodar sleit med psykisk sjukdom. Det er mellom anna dettefilmen gir eit innblikk i, gjennom intervju med Jon Fosse, ErlingLægreid og Einar Økland. Filmen fortel også om då diktaren ogfruktdyrkaren frå Ulvik, som levde åleine mest heile livet, fannkjærleiken. Ei fem år lang brevveksling med kunstnaren BodilCappelen enda til slutt med at Cappelen flytta til Ulvik og giftaseg med Hauge. Cappelen kjem også til orde i filmen. I tillegg blirfilmen Grønt ved fjorden vist, som er ein presentasjon av Olav H.Hauge laga for Den Norske Bokklubben i 1974. Den blei spela inn ijuni det året og inneheld forutan Hauge som les dikt, ei rekkjeeksteriørbilete frå Ulvik og området rundt. Filmen er redigert avErik Solbakken. Nynorsk kultursentrum tok over Hauge-senteret i2011, som har vore ope for publikum med mindre utstillingar ogkulturarrangement sidan. I den nye basisutstillinga vil publikumbli kjende med ulike sider av Olav H. Hauge og få fleire inngangartil det lyriske universet hans. Hauge-senteret er finansiert av 12ulike instansar i eit spleiselag mellom offentlege instansar ogprivate aktørar.