Verksemda Moods of Norway har hatt traktoren som sitt fremste kjennemerke sidan oppstarten. No kan traktorlogoen stå for fall.

- Det er slett ikkje sikkert vi beheld traktorlogoen, seier nytilsett administrerande direktør i selskapet, George Santacroce i eit intervju med Dagens Næringsliv. Amerikanaren med bakgrunn som mellom anna sjef for klesmerka Tommy Hilfiger og Yves Saint Laurent seier i intervjuet at for å vere konkurransedyktige i utlandet må selskapet profilere seg litt annleis og kommunisere humoren på meir subtilt vis. Dermed kan både vaffeloppskrifter og traktorar vere på veg ut.

I dag kjem næringskomiteen på Stortinget på besøk til Stryn. Då skal dei mellom anna få møte den nye administrerande direktøren for moteverksemda.