Er du, eller nokon dukjenner, i startfasen på noko som kan bli ein ny bedriftssuksess iSogn og Fjordane? Då kan du bli årets gründer, få heider og ære og100.000 kroner.

31.oktober skal «Årets gründer 2014» kårast i Sognog Fjordane.

- Målet med prisen er å stimulere til auka innovativ aktiviteti fylket, og gje dei som allereie er innovatørar ei viktigmerksemd, seier kultursjef, Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga i ei pressemelding.

Utdelinga er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane,Innovasjon Norge, Framtidsfylket og Sparebankstiftinga Sogn ogFjordane. Det er første gong Framtidsfylket er med, etter at NRKSogn og Fjordane trekte seg ut tidlegare i år.

- Vi ser at detspirer i gründerverksemdene i fylket, og ingenting er betre enndet. Vi ynskjer å satse på gode idear som tilfører fylket vårtarbeidsplassar og spennande merkevarer, seier Fidjestøl.

Fem finalistar skal presenterast på Innovasjon Norge sin Gründerdag i Førde 21.oktober. Publikum vert deretter invitert til å stemme fram sinfavoritt blant finalistane på framtidsfylket.no fram til vinnarenvert kåra på Temposeminaret i Florø.

I 2012 var detdataverksemda Highsoft AS frå Vik i Sogn som vann kåringa, medannordfjordverksemda Melin Medical gjekk av med sigeren i fjor.

Beggedesse verksemdene har hatt ein eventyrleg vekst, men Fidjestølunderstrekar at ein ikkje treng å vere like langt iutviklingsprosessen for å søkje.

- Vi er opptekne av å gje merksemdtil verksemder som sit med gode idear, og gje dei ei hjelpande handtil å vidareutvikle sitt produkt, seier han.

Juryen vil m.a. beståav: Halvor Flatland, direktør Innovasjon Norge Sogn og Fjordane,Arvid Andenæs, adm. direktør Sparebanken Sogn og Fjordane og GroRukan, dagleg leiar av Framtidsfylket.

Vilkår for å delta ikonkurransen:

• Vere stifta for mindre enn 5 år sidan

• Vereutvikla av personar frå Sogn og Fjordane og/eller utvikla (heilteller delvis) i fylket

• Ta utgangspunkt i ein konkret teneste-eller produktidé, som er kome så langt i utviklinga atkommersialisering er komen i gang. Det vil seie; kan vise tilinntekter.

• Vere berekraftig og ikkje skape negative følgjer formiljøet

• Idéen/ prosjektet si evne og vilje til å skape aktivitet,omsetnad og arbeidsplassar i fylket vil dessutan kunne slå utpositivt uti kåringa.