Ein ung stryning hadde sivilt politibil på hjul i 2,5 kilometer søndag ettermiddag. På rv 15 vestover frå Stryn vart sjåføren sin gjennomsnittsfart målt til 103 km/t i 80-sona. Det resulterte i forenkla førelegg på 4.900 kroner og tre prikkar i førarkortet.