Søndag kveld møtest 10 av landest aller beste aktive idrettsutøvarar for å konkurrere mot kvarandre i TV-serien Best av de beste på TV2.

Blant dei som står på startstrek er Johannes Thingnes Bø. Han får hard konkurranse av Therese Johaug (langrenn), Tiril Eckhoff (skiskyting), Silje Norendal (snowboard), Melissa Wiik (fotball), Nora Mørk (handball) og Magnus Moan (kombinert), Øystein Pettersen (langrenn), Håvard Tvedten (handball) og Ole Kristian Tollefsen (ishockey). Jentene og gutane konkurrerer kvar for seg, medan den beste jenta og den beste guten kjempar om sigeren i superfinalen. Vinnaren får med seg ein bil heim frå Spania.Til saman skal utøvarane gjennom 13 beinharde øvingar.Programleiar Thea Olsen fortel at ho er imponert over innstillinga til utøvarane: - Deltakstsnr i Best av de beste 2014 er heilt fantastiske. Eg var førebudd på å møte ein sporty gjeng med godt humør, men hadde aldri forestilt meg at dei var så positive, utadvendte og engasjerte. Dei gav av seg sjølve frå morgon til kveld, trass i at alle gav alt dei kunne i kvar øving. For nokon vinnarskallar! seier Olsen. I premiereprogrammet skal jentene kjempe mot kvarandre på gokart-bana og i armheng over vatn. Det blir ei våt oppleving. Gutane møter kvarandre i duell i styrkeløp i sand og i dykking.

Johannes Thingnes Bø er med i årets sesong av Best av de beste som startar søndag Foto: Christoffer Solstad Steen