Stortingsrepresentant og tidlegare hornindalsordførar Bjørn Lødemel har siste veka på vore på komitéreise med kommunal- og forvaltningskomiteen i USA og Canada.

- Vi har besøkt Washington, Quebeck og Toronto. Tema er offentleg forvaltning, innvandring og integrering i tillegg til den generelle politiske situasjonen. Den tida vi har vore i Canada har vi også hatt mykje fokus på urfolk, seier Bjørn Lødemel, som i dag avsluttar komitereisa i  "over there".

Og for ordens skuld: Skrivebordet på bildet er ikkje presidenten sitt. Det berre liknar veldig.