Vått ver sette ingen stoppar for paraden under årets Oktoberfest i Stryn. Trass i at dei første knebuksene og bondepikedraktene dukka opp i gatene allereie på morgonen i går, stilte folk opp med friskt mot for å delta i årets mest bartepryda parade gjennom sentrum.

Oktoberfesten held fram i dag med mellom anna kåring av beste lokalbrygga øl, kåring av beste bart og kåring av Frøken Oktobefest.

I telta er det levande musikk av mellom andre Merkesteinane, Polkabjørn og Kleine Heine, Olso Blåseorkester, Aasland Bros og Kokken Tor, i tillegg til Stryn Musikklag og festen sitt eige husband.