Per Matias Høgmo kunngjorde i dag dei første 21 spelarane som er tekne ut til A-landslagstroppen som skal møte Bulgaria og Malta. Med i landslagstroppen er også denne gongen Per Egil Flo. Stryningen som til dagleg spelar for Molde får no selskap av m.a. 15-åringen Martin Ødegård frå Strømsgodset, klubben der ein annan floar og tidlegare landslagsspelar, Jostein, er sportsleg leiar.